Podlipodkastspiller Webplayer

SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Eldsjelene bak Stord Maritime Museum - om motorar, skipsbygging og hermetikk

SunnhordlandPodden · 9. mars 2026 · 34:07

0:0034:07

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

Kva betyr den maritime historia for Stord og Sunnhordland i dag? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Gunnar Bjørk og Magne Gravdal frå Stord maritime museum – to eldsjeler som brenn for å ta vare på og formidla ei viktig side av historia vår.

Me snakkar om motorar, skipsbygging, hermetikk, HSD, krigshistorie og kvifor Lervik har vore ein så sentral stad i regionen. Du får høyra korleis museet vart til, kva du kan oppleva der i dag, og kvifor dette arbeidet handlar om langt meir enn gamle gjenstandar. Det handlar om identitet, kunnskap, stoltheit og om å gje historia vidare til nye generasjonar.

Dette er ein episode for deg som er glad i lokalhistorie, kystkultur, frivillig arbeid – eller berre vil forstå litt meir av kva som har forma Sunnhordland. Lytt og bli inspirert av historia som framleis lever på kaien i Leirvik.


Sponsor: Oma Baatbyggeri

Visste du at Oma Baatbyggeri har bygd båtar på Stord sidan 1909?

Hos Oma Baatbyggeri blir stolte handverkstradisjonar kombinerte med moderne teknologi, og i dag er verksemda eit av verfta i Noreg med lengst erfaring innan aluminiumsbygging.

Frå konstruksjon og ingeniørarbeid til produksjon i verkstadshallane – det som skaper resultata, er dyktige fagfolk med lidenskap for faget sitt.

Oma Baatbyggeri held til på Stord og byggjer hurtiggåande passasjerbåtar, bilferjer og spesialfartøy for heile kysten.

Dei er stolte av historia si – og opptekne av framtida.

Vil du vite meir om kven dei er og kva dei gjer? Les meir på oma.no

Episoder: SunnhordlandPodden

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App