SunnhordlandPodden · 16. mars 2026 · 44:40
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
I denne episoden fortel Andree Kyrkjeøy ope om livet med IBS – sterke magesmerter, sosial uro og dumme kommentarar frå folk som ikkje heilt forstår kva sjukdommen inneber.
Årevis med mageplager og lite forståing frå omgivnadene gjorde kvardagen krevjande, og stundom førte det til både skam og angst. Samtidig vart trening ei viktig redning.
Andree deler korleis han gradvis fann ein veg vidare, og om då han fekk vere med i eit forskingsprosjekt som gav nytt håp om ein betre kvardag.
Dette er ei ærleg og sterk historie om å leve med smerter som få ser, om å stå i motgang – og om å ikkje gi opp. Ein episode om trening, tarmhelse, håp og om kor viktig det er å møte kvarandre med meir forståing.
Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:
I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.
For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.
Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?
Då kan du bli støttespelar.
Gå inn på: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe