Podlipodkastspiller Webplayer

SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Finnås Kraftlag - 80 år med lys, varme og fellesskap på Bømlo

SunnhordlandPodden · 23. mars 2026 · 53:35

0:0053:35

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo.

Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet?

Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje. 

Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo.


Jubileumsfeiring i 2026

I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet.

Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen.

Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar.

Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien.

I tillegg blir det servert gratis pølser, is, kaffi og kaker. Set av datoen allereie no – dette vil du ikkje gå glipp av. 


Sponsor: Episoden er eit kommersielt samarbeid med Finnås Kraftlag.

Episoder: SunnhordlandPodden

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App