Podlipodkastspiller Webplayer

SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Korleis skaper ein fellesskap på tvers av språk, kultur og bakgrunn?

SunnhordlandPodden · 30. mars 2026 · 53:04

0:0053:04

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til.

Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, internasjonal kafé, dansegruppe, matkurs, karneval og samarbeid med andre organisasjonar.

Vi snakkar òg om:

Dette er ein varm, klok og inspirerande prat om menneskemøte, inkludering og verdien av å sjå kvarandre.


Sponsor: Subshore

Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.

Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram.

Og nettopp det treff ekstra godt i ein episode som denne.

For det er jo nettopp dette Internasjonal Kulturklubb handlar om:

Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.

Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.

Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.

Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

Episoder: SunnhordlandPodden

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App