SunnhordlandPodden · 2. mars 2026 · 47:51
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Rigmor Vikane og Sissel Bjelland frå Stord Bygdekvinnelag deler engasjerande historier om inkludering, beredskap og møteplassar på tvers av generasjonar. Me får høyra om samarbeidet med asylmottaket, språkkafé, skule og frivillig arbeid – og korleis enkle tiltak kan skapa ekte fellesskap i lokalsamfunnet.
I over 100 år har Bygdekvinnelaget arbeidd for betre kår for kvinner og levande bygder. I dag er dei òg anerkjende som ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Dei viser at små handlingar – eit måltid, ein kaffikopp, eit kurs eller ei utstrekt hand – kan bety langt meir enn me ofte tenkjer.
Sjekk ut: https://www.bygdekvinnelaget.no/lokallag/stord-bygdekvinnelag
Sponsor: Miriams Gard og Hav
Denne episoden er sponsa av Miriams Gard og Hav – ein lokal utsalsbutikk på Bømlo med ekte smak frå gard, hav og skog.
Hos Miriams får du nysteikt bakst, lokal honning og ferske gardsegg – i tillegg til kalkun, kylling og smakfull ost frå ysteri.
Dei fyller disken med fersk fisk, røykjer aure, og tilbyr krabbe og sjøkreps frå dei reine vestlandsfarvatna rundt Bømlo. Er du glad i skikkeleg godt kjøt, finn du vestlandsk storfe, røykjebacon, saftige pølser og hamburgarar – og kraftbein som gir deg den beste heimelaga krafta. I tillegg har dei hjort, dåhjort og villsvin for deg som vil ha noko ekstra.
Du finn òg nydelege handverksprodukt i tre – alt frå ostehøvel og skjerebrett til eggeglas, ostefat med magnet, ostekniv, salatbestikk, fiskespade, salatskåler og tallerkenar.
Bak Miriams står ein matglad familie som brenn for kvalitet, natur, dyrevelferd og ekte råvarer.
Gå inn på miriams.no, sjå utvalet og støtt lokal matglede frå gard, skog og fjord.