SunnhordlandPodden · 12. jan. 2026 · 40:47
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom.
Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord.
Me snakkar om:
Føflekkar og hudkreft: kva du skal sjå etter – og kvifor endring betyr meir enn storleik
Sol, solkrem og D-vitamin: kva som faktisk er smartest
Barn og solbeskyttelse: kva type solkrem som er best for dei minste
Akne, rosacea og pigmentflekkar: kva som hjelper – og når du bør oppsøka hudlege
Og ein viktig reality check: Korleis for mange produkt (og mykje “hudtrend”-innhald frå sosiale medium) kan bli ein belastning for hudbarrieren og hudfloraen
Dette er episoden for deg som vil ta betre vare på huda – med trygg fagkunnskap, utan overdriving og utan 15 steg i hudrutina.
Sponsor: Velværetunet
Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.
På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebad
No har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no for full oversikt over tilbodet.
Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.
På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).
I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.
Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.
Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos Velværetunet i dag. 🌿