SunnhordlandPodden · 19. jan. 2026 · 45:05
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland, der elevar frå heile regionen samlast på HVL fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid.
I studio møter du Maria Støle Mjønes og Åsmund Natås – to engasjerte fagfolk som står midt i arbeidet.
Vi snakkar om kven desse elevane er, kvifor det betyr mykje å møta «likesinna», korleis samlingane er bygde opp i praksis – og kvifor tilpassa opplæring ikkje berre handlar om dei som slit, men òg om dei som treng meir utfordring.
Er du forelder, lærar – eller berre nysgjerrig på skule, realfag og framtida i regionen? Då er denne episoden for deg.
For meir info:
Sponsor: Høgskulen på Vestlandet
Sjekk ut: https://www.hvl.no