Podlipodkastspiller Webplayer

SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Kurt Grundvold og Per Inge Sætrevik - om Utdanningsmessa på Stord, Rotary - å gagne andre

SunnhordlandPodden · 5. jan. 2026 · 34:57

0:0034:57

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb. 


Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland?


I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrevik (President i Stord Rotaryklubb).


Me snakkar om historia bak messa, dugnadsinnsatsen (ja, det er mange timar!), korleis Vikahaugane blir forvandla til ei maurtue av elevar og utstillarar – og kvifor det framleis betyr noko å møtast ansikt til ansikt, sjølv om “alt finst på nett”. Og kvifor må bedriftene ut og “fange” ungdommen? 


Du får òg høyra om frivillig engasjement, fellesskap og drivkrafta bak Rotary sitt motto: å gagne andre – og korleis utdanningsmessa både hjelper ungdom å finne retning, og gir overskot som kan gå vidare til gode formål lokalt og internasjonalt.


🎓 Utdanningsmessa er open onsdag og torsdag kl. 09–14, og alle som vil er velkomne til å stikka innom.



Sponsor: Byrået design og profilering AS 

Byrået Design og Profilering AS er eit kreativt og erfarent design- og profileringsbyrå og har sidan 1980-talet hjulpet verksemder med å bli tydelegare, meir synlege og meir profesjonelle. Me skapar identitet som gjer det enklare for deg å nå ut med bodskapen din – og som styrkjer merkevara di kvar dag. 

Hos oss får du alt du treng til ein heilskapleg og gjennomført profil: grafisk design og visuelle identitetar, profesjonelle skilt og dekor, bil-dekor, storformat print, profilartiklar og gåveprodukt, samt gravering og industrimerking. Ein annan av våre spesialitetar er innvendig og utvendig utsmykning på vegger og glassflater, samt fornying med interiørfolie. Alt blir utvikla og produsert i moderne lokaler på Stord, av eit team som brenn for kvalitet og godt handverk. 

Me legg stor vekt på å forstå kva du faktisk prøver å løyse – om det handlar om å tiltrekke nye kundar, skape eit meir profesjonelt førsteinntrykk, styrkje intern stoltheit eller sørgje for tydeleg merking i bygg og anlegg. 

Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil veta meir om kva me kan hjelpa deg med. 

https://www.byraet.no/

post@byraet.no

Episoder: SunnhordlandPodden

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App