Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda
Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda · 16. jan. 2026 · 30:10
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Den gjevaste av norske bibliotekprisar blei delt ut torsdag 15. januar, og Årets bibliotek 2025 blei Skjåk folkebibliotek i Innlandet fylke.
Er humøret litt så som så? Unn deg sjølv å høyra vinnarintervjuet med den sprudlande gjengen ved Skjåk folkebibliotek! Dei fortel entusiastisk om originale aktivitetar, spanande samarbeid og to suksessfaktor som peikar seg ut!
Dei glade vinnarane er bibliotekleiar Sigrun Eide, fulltidstilsette Ida Marie Banken, ekstrahjelp Laila Rusten, kultursjef Marianne Stensgård og kommunedirektør Ivar Bø, som alle var til stades på Deichman Grünerløkka under utdelinga.
Men først i episoden låner vi øyra til juryleiar og leiar i Norsk bibliotekforening Helene Voldner sine opningsord som gir skikkeleg bibliotekjording. Om du ikkje forstår ordet no, skjønar du det når du har lytta!
Dei andre nominerte til prisen i år, var Deichman Stovner i Oslo, Måsøy folkebibliotek i Finnmark, Narvik bibliotek i Nordland og skulebiblioteket ved Skeiane ungdomsskule i Sandnes, Rogaland.
Prisen blei delt ut av Sunniva Holmås Eidsvoll, stortingsrepresentant og leiar for SV i Oslo. Med seg i juryen hadde ho dagleg leiar i Tekstallmenningen Inga Moen Danielsen, redaktør og dagleg leiar i Pelikanen forlag Eirik Bø, fjorårets vinnar Melita Båfjord frå Tjeldsund folkebibliotek og leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening.
Episoder: Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda