Podlipodkastspiller Webplayer

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

#49 Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda · 6. mars 2026 · 1:01:18

0:001:01:18

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

2026 er totalforsvarsåret. Treng du gode argument for kvifor biblioteka er avgjerande i dette arbeidet? Treng du inspirasjon til arrangement og tiltak på ditt eige bibliotek? Då er du komen til rett podkastepisode. 

Her får du eit opptak av ein samtale mellom Knut Storberget og Karianne Aam frå Litteraturscena til Hamar bibliotek. Arrangementet gjekk føre seg torsdag 27. november 2025 med Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg som moderator, og tittelen var Bibliotekets rolle i krisetider.

Karianne Aam er nestleiar i Norsk bibliotekforening og seksjonsleiar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold.

Knut Storberget er jurist, statsforvaltar i Innlandet og tidlegare justisministeren (Ap). Han leidde òg Forsvarskommisjonen som i 2023 leverte rapporten som ligg til grunn for mykje av den enorme auken i forsvarsutgifter vi ser for tida. Men som de får høyra i denne episoden er Storberget også ein ambassadør for biblioteka sin spesielt viktige plass i totalforsvaret. 

Og mot slutten av episoden får du eit både rørande og tankevekkande historie som Hamar sin eigen folkebiblioteksjef Per Olav Sanner delte då det blei opna for kommentarar frå salen.

Episoder: Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App