Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast
Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast · 19. des. 2025 · 37:36
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Lærarar har meir å stri med enn nokon gong – mange er sletne og fleire endar opp med å slutte i jobben. Kan god støtte til klasseleiing være ein del av løysinga for å få fleire lærarar til å bli i jobben? Og kva rolle kan interaksjonar mellom lærar og elev ha når det kjem til dette?
Denne episoden av podkasten «Læringsmiljø i skole og barnehage» handlar om klasseleiing. Med seg i studio har programleiar Maria Gilje Strand fått med seg professor Sigrun K. Ertesvåg og førsteamanuensis Grete Vaaland frå Læringsmiljøsenteret, UiS. I episoden vert det også lagt fram resultat frå det nye og spanande forskingsprosjektet INTERACT, som handlar om nettopp klasseleiing og interaksjonar.
Andre tema som vert diskutert i denne podkasten er:
– Korleis kan ein få til god klasseleiing, og kva utfall kan god støtte til klasseleiing få?
– Kan god klasseleiing få fleire lærarar til å bli i jobben?
– Kva rolle kan kvaliteten på interaksjonar spele når det kjem til klasseleiing?
Episoder: Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast