Podlipodkastspiller Webplayer

Bitcoinpolitisk institutt Norge

Bitcoinpolitisk institutt Norge

Can­til­lon-ef­fek­ten & pengar

Bitcoinpolitisk institutt Norge · 30. okt. 2026 · 50:50

0:0050:50

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

Can­til­lon-ef­fek­ten & pengar


Richard Cantillon (ca. 1680–1734) skreiv berre eitt verk, «Essai sur la nature du commerce en général». Teksten er aldri omsett til eit skandinavisk språk, men i bitcoinmiljøet er interessa for mannen og tankane hans stor. Kvifor?

Cantillon tente seg rik på John Laws pengeeksperiment i Frankrike, og skreiv deretter om kva som skjer når nye pengar kjem inn i økonomien: Dei som får pengane først, kjøper til gamle prisar. Dei som får dei sist, møter prisane som alt har stige. Det er Cantillon-effekten, og han er sentral i korleis mange bitcoinarar forstår pengetrykking, inflasjon og fordeling.

I denne Satoshi-samtalen får du

– Ola Innset, forskar ved UiO og i gang med ei norsk økonomisk idéhistorie, om mannen og myten: John Law, Mississippi-bobla, og linja frå Cantillon via Adam Smith til Schumpeter og entreprenøren.

– Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg, om Cantillon-effekten, sett på ein måte som ikkje er så vanleg i bitcoinmiljøet: kva effekten faktisk seier, kva ho ikkje seier, og kva ho betyr for ein boligmarknad som Frankfurt eller Oslo.

Etterpå: spørsmål og kommentarar frå salen.

Episoder: Bitcoinpolitisk institutt Norge

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App