UiS Podcast · 18. sep. 2026 · 39:12
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Kva rolle bør leiken ha i skulen? Og no som «lekbasert læring» er komen inn i skulen – vert det praktisert slik det er meint? I denne podkast-episoden fortel professor Ingunn Størksen og førsteamanuensis Ragnhild Lenes om kva lekbasert læring eigentleg er, og om korleis fri leik og «veiledet leik» kan støtte born si læring, utvikling og trivsel. Du får også høyre meir om kvifor læraren sin kompetanse og aktive rolle er avgjerande for å skape gode leike- og læringsmiljø – og kva forskinga seier om effekten av lekbasert læring.
Ingunn Størksen trekkjer også inn dei ferske PISA-resultata og peikar på kor viktig læring og kritisk tenking er i ei tid prega av mellom anna kunstig intelligens. Korleis kan skulen gi rom for leik og aktivitet, samtidig som born utviklar sine eigne ferdigheiter når det kjem til å lese, skrive, rekne og det å tenke kritisk?
– Aktuelle lenkjer:
https://www.utdanningsnytt.no/ingunn-storksen-lek-laering/skolestart-leken-
er-ikke-gratis/494836
Ytterlege referansar: