SunnhordlandPodden · 3. mars 2025 · 39:58
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Korleis kan ein hage forandre livet? Marianne Helland Vik fekk ME, og kvardagen blei snudd opp ned.
Midt i det krevjande fann ho ro og glede med hagespaden i handa.
No inviterer ho til Hagespa på Stord vidaregåande skule søndag 30. mars – ein møteplass for alle som elskar hage, enten du har ein stor hage, ein balkong eller berre ein draum om å starte.
I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler Marianne si historie om korleis hagearbeid vart hennar veg tilbake til ein meir balansert kvardag.
Ho fortel også om Hagespa-arrangementet, der det blir seminar med hageekspertar som Tone Johnsen frå Staudehagen på Almås, Elisabeth Liodden frå Elie Verkstad og Ida Kleppe, kjent frå NRK-programmet Draumen om eit småbruk.
Sponsor: Stord Anlegg
I dag er episoden sponsa av Stord Anlegg – ei entreprenørbedrift med moderne utstyr og kompetanse for små og store oppdrag.
Sjekk ut nettsida: stordanlegg.no
Stor takk til Stord Anlegg for at dei ville vere med som sponsor for denne episoden!