Podlipodkastspiller Webplayer

SunnhordlandPodden

SunnhordlandPodden

Remembering Kenneth Sivertsen - med Franc Ole Olsen og Christoffer Naustvåg Lillestøl

SunnhordlandPodden · 12. okt. 2026 · 1:09:07

0:001:09:07

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

Kenneth Sivertsen var eit musikalsk unikum frå Moster på Bømlo – ein kunstnar med ei heilt spesiell stemme, eit enormt talent og musikk i alle sjangrar. Men kven var mennesket bak musikken?


I denne episoden møter du Franc Ole Olsen svoger til Kenneth og Christoffer Naustvåg Lillestøl frå foreininga Remembering Kenneth. Dei deler personlege minne og gode historier om Kenneth, frå barndommen og dei første gitargrepa til samarbeidet med Herborg Kråkevik og dei mange musikalske skattane han etterlet seg.


Kvifor fortener musikken hans større merksemd i dag? Og korleis kan vi halda arven etter ein av dei største kunstnarane Sunnhordland har fostra, levande?


Dette er ei varm og personleg samtale om eit stort talent, eit godt menneske og ein kulturskatt vi ikkje må gløyma.



Sponsor: Moster Elektro – din lokale elektrikar i Sunnhordland!

Treng du ein elektrikar du kan stole på? Moster Elektro har sidan 2006 levert elektroinstallasjonar til både privatkundar, næringsliv og offentlege aktørar.

Med 20 tilsette, solid fagkompetanse og lang erfaring tek dei på seg både små serviceoppdrag og større prosjekt. Her får du god service, godt handverk og konkurransedyktige prisar.

Har du eit prosjekt på gang? Ta kontakt med Moster Elektro for ein uforpliktande prat!

Sjekk ut: mosterelektro.no 

Episoder: SunnhordlandPodden

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App