SunnhordlandPodden · 7. juli 2025 · 1:26:45
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
I denne episoden møter du Henriette Alsaker, ei energibombe frå Stord.
Som åtteåring blei ho hekta på karate, og allereie som 12-åring tok ho svart belte – den første i Noreg som klarte det i så ung alder.
Ho reiste heilt til VM i Japan som 13-åring, og fekk seg ein karriere full av trening, NM-gull og tøffe kampar.
Du får høyre historia om kraniebrotet som snudde alt, og kvifor Henriette valde å satse på løping i staden.
No jaktar ho nye mål saman med løpetrener Lars Lunde, og drøymer om å springe mila på under 35 minutt.
Ho deler óg frå audition-opplevingane sine i The Voice, kvardagen som dagleg leiar for Ark på Stord Amfi, kjærleiken til søstera si – og livet midt i oppussing og familieliv.
🔑 Stikkord for episoden: målbevisstheit, mental styrke, disiplin og glede – og om å tørre å vere litt egoistisk når ein jaktar draumane sine.
Sponsor: Aadland og Gundersen bygg As
Aadland og Gundersen bygg leverer kvalitet – frå totalrenovering og etterisolering til plassbygde garderobar, tilbygg og montering av kjøkken.
Her snakkar me om dyktige, effektive og blide fagfolk som gjer jobben – med godt humør og imponerande presisjon. Enten det handlar om nytt tak, nye vindauge, kledning eller oppussing av stova, så leverer dei – kvar einaste gong.
Ingen oppdrag er for små – og kvar kunde blir møtt med ekte engasjement og solid handverk.
👉 Ta kontakt med Aadland og Gundersen bygg – når du vil ha jobben gjort skikkeleg!