Podlipodkastspiller Webplayer

Samtalar på Kobbasteinen

Samtalar på Kobbasteinen

Halvanna år med Donald Trump i Det kvite huset

Samtalar på Kobbasteinen · 26. sep. 2026 · 1:04:46

0:001:04:46

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

Donald Trump har vore tilbake i Det kvite huset i halvanna år. Kva har skjedd med USA i denne perioden, og korleis har politikken hans påverka resten av verda?

Mange kjenner kanskje på ei form for «Trump-trøyttheit». Trump står for stadig nye utspel, konfliktar og overskrifter, og det kan vera vanskeleg å skilja det viktige frå støyen. Samtidig får avgjerdene som blir tatt i Washington òg konsekvensar for oss i Noreg, både direkte og indirekte.

I denne samtalen prøver rådgjevar i Civita, Eirik Løkke, og politisk kommentator og vaktsjef i Vårt Land, Sigrid Rege Gårdsvoll, å sortera smått frå stort og støy frå substans.

Kva har Trump faktisk endra i USA? Kva betyr utviklinga for demokratiet, forholdet til andre land og den internasjonale verdsordenen? Og finst det grunnar til håp?

Forfattar og tidlegare nyheitsredaktør i Stavanger Aftenblad, Sven Egil Omdal, leiar samtalen.

Redaktør: Petter Gilsvik

Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media

Episoder: Samtalar på Kobbasteinen

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App