Langs Vegen No. · 19. feb. 2026 · 22:48
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Valdres i hjartet: Vedum om formueskatt, eigarskap og lokalsamfunn
Senterparti-leiaren og stortingsrepresentanten Trygve Slagsvold Vedum tok imot redaktør Roy Myrland og podkasten Langs Vegen No i kontoret sitt på Stortinget til ein grundig prat om nokre av dei mest krevjande spørsmåla i norsk økonomi og næringspolitikk.
Der vart han utfordra på både formuesskatt og oppkjøp av norske bedrifter – tema som vekkjer sterke meiningar og uro mange stader i landet. Vedum svara utførleg, med både resonnement, skråblikk og eit solid lass engasjement om eigaskap og distriktspolitikk. Samstundes understreka han at både han og Senterpartiet er opptekne av å gjere ein skikkeleg jobb for at folk skal kunne ha det godt – både no og i framtida. Undervegs tok han fleire svingar innom Valdres, der familiebedrifter og lokalsamfunn blir løfta fram som sjølve ryggrada i verdiskapinga – servert med glimt i auget og ein bonde-metafor eller to. Bodskapen er tydeleg: Nasjonal politikk skal kjennast heilt ut der fylkesvegen er både smal og humpete, og avstanden til Oslo lang.
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.