Langs Vegen No. · 23. juli 2025 · 26:04
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten møter redaktør Roy Myrland ein ekte festivalhelt: Trond Rogne frå Øystre Slidre – lokalpolitikar, kulturentusiast og drivkrafta bak Trollrock på Beitostølen. Som eldsjel i både politikken og festivalverda, har Trond vore ein samlande figur i Valdres i mange år.
Takk til Montér Storefoss, Peppes Pizza, Beitostølen og Rørlegger Brager for annonsestøtte til denne episoden.
Pokastepisoden blei spelt inn på sjølve festivalområdet – medan rigging, lydsjekk og førebuingar gjekk for fullt. Det gjev intervjuet ein heilt spesiell puls og nærleik til festivalstemninga!
Han deler openhjarta om livet sitt – frå oppveksten til dagens utgåve av Trollrock – om tilliten til dei frivillige i den legendariske #Trollrockfamilien, og kvifor det er viktig å ha folk med hjartet på rette staden. No har han òg lært noko nytt: å setje grenser – og å seie nei når det trengst.
Ein varm og inspirerande samtale med ein klok mann som brenn for både musikken og menneska rundt seg.
#Trollrock #TrondRogne #ØystreSlidre #Trollrockfamilien #FestivalValdres #NynorskPodkast #Frivillighet #Kulturhelt #Beitostølen
Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.