Edder & Galle · 28. juli 2025 · 1:37:11
Lytt i Podli-appen 🎧
Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
I kveldens episode av Eder & Galle tek podkastduoen for seg det smertelege tapet mot erkefienden Viking. Det var flotte rammer rundt kampen, og mange hadde gleda seg til eit ekte hatoppgjer i norsk fotball. Men gleda vart kortvarig – for kampen enda som eit sviande nederlag. Duoen legg kampen bak seg, men ser alt fram til moglegheita for hemn mot «driten» i oktober.
Alle dei faste spaltene er sjølvsagt med. I Tippe-tipset vart det endeleg klingande mynt igjen, og inntektene går som alltid til Barnekreftforeningen – eit lyspunkt i ei elles tung veke. I Fantasy-spalta ser Hobberst at no må det drastiske grep til – nye utskiftingar må på plass etter fleire svake rundar.
Det strøymer også inn spørsmål frå lyttarane via Snapchat-kanalen, og Salten tek oss gjennom dei.
Mot slutten av episoden rettar dei blikket framover: Molde ventar neste helg, og turen går til Røkkeløkka.