Podlipodkastspiller Webplayer

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

#44 Biblioteka får det verst – Ferske tal om kommuneøkonomi

Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda · 27. juni 2025 · 39:22

0:0039:22

Lytt i Podli-appen 🎧

Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.

«Kutt, kutt, kutt over hele linja». Dette er namnet på ein ny rapport om kommunane sitt kulturarbeid som Telemaksforskning har laga på oppdrag frå Norsk kulturforum (NOKU) og Fagforbundet.

Litt over halvparten av alle dei 357 kommunane i landet reknar med økonomiske innstrammingar i år som i fjor, og ifølje kulturleiarane er det som vil bli hardast ramma bibliotek, kulturskular og kunstformidling. Og når du skal spara pengar på bibliotek, må du kutta stillingar og opningstid.

Denne episoden er eit opptak av ein scenesamtale om rapporten, spelt inn frå tysdag 24. juni under Kulturytring 2025.  

I panelet sat Bård Jacobsen, kultursjef i Larvik og styreleiar i NOKU, Stine-Marie Schmedling frå Tønsberg og Færder bibliotek, og Bård Kleppe frå Telemarksforskning. 

Gjer deg klar for ein ikkje særleg oppløftande prat, men med både konkrete tips og motiverande perspektiv til bekymra kulturarbeidarar. 

Arrangementet var eit samarbeid mellom NOKU, Norsk bibliotekforening og Bok & bibliotek.

Episoder: Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda

PodliLast ned Podli-appen gratis
↓ App