Følg favorittpodkastene dine, lytt offline og i bilen med CarPlay og Android Auto, og fortsett alltid der du slapp. Prøv den gratis.
Med Nikolai Torgersen og Tora Sanden Døskeland
NRKs serie Kunstnerliv tar for seg korleis livet har sett sine spor i arbeida til ein ny generasjon av kunstnarar og kven som har inspirert dei på vegen. Her fortel biletkunstnar Nikolai Torgersen (f. 1990) om inspirasjon frå Edvard Munch – og om korleis rus og dødsfall i nære relasjonar har prega arbeida hans. No debuterer Torgersen med den sjølvbiografiske boka Gater jeg har levd der han skildrar fattigdom, tung rus og heimløyse. Møt han i samtale med forfattar Tora Sanden Døskeland der dei m.a. vil snakke om banda mellom biletkunst, litteratur og livet sjølv.